Hopp til innhold

Brann i natt: Brannmannskap fekk lærdalsbrannen i minne

– Hellet var at vi nett var komne attende frå ein annan aksjon, og var samla på stasjonen, seier utrykkingsleiar Geir-Helge Alrek i brannkorpset i Høyanger.

Høyanger

Naudetatane fekk like over klokka 02 melding om brann i ein vedstabel inntil ein garasje i eit bustadfelt i Høyanger.

Tre-fire meter unna stod bustadhuset. Rundt står husa tett i tett.

– Brannen utvikla seg raskt. Vi var framme to minuttar etter at vi fekk meldinga. Då stod eine veggen på garasjen i full fyr og det bobla i målinga på huset, seier utrykkingsleiar Geir-Helge Alrek.

Vekte bustadfeltet

Både vind og nærleiken til andre hus gjorde at brannmannskapa frykta at brannen kunne utvikle seg og spreie seg til andre hus. Både politi, brannmannskap og ein ambulanse rykte ut.

– Før vi hadde kontroll på situasjonen køyrde vi sirenene på brannbilen så vi fekk vekt opp heile bustadfeltet. Vi gjorde dette for å vere føre var, seier Alrek og legg til:

– Eine i brannkorpset sa han fekk lærdalsbrannen i hovudet. Husa ligg jo tett i tett her.

Storbrannen i Lærdal i 2014 er den største tettstadbrannen i Norge sidan andre verdskrig. I alt 60 bygningar vart skadde. Av desse vart 42 totalskadde.

Ikkje mistanke om eldpåsetjing

Ved hjelp av motorsag og vatn fekk brannmannskap raskt kontroll på situasjonen. I løpet av vel ein halvtime var situasjonen under kontroll. For å vere sikre vart det halde vakt ved staden til kring klokka 05.

– Det gjekk heldigvis bra, men lukka var at vi akkurat hadde kome tilbake frå ei mindre og udramatisk hending. Det gjorde at vi var alle samla då alarmen gjekk og var raskare framme enn vi elles ville vore, seier Alrek.

Operasjonsleiar Marianne Føleide hos Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser at det ikkje er mistanke om at brannen er påsett.

– Ut frå undersøkingane gjort på staden, så har vi ikkje mistanke om eldpåsetjing. Men saka vil bli etterforska vidare, seier ho.