Hopp til innhold

Båt totalskadd i brann på Atløy

Flammane øydela ei skøyte som låg til kai på Atløy i natt. Brannvesenet måtte raskt konstatere at båten var øydelagt.

Atløy

Brannvesenet fekk natt til onsdag melding om brann i ei skute på 40 – 50 fot. Båten låg ankra opp åleine til kai i Saudesund då brannen braut ut.

– Det var hell i uhell at båten låg åleine og at vêret var stille. Hadde båten vore ankra opp i båtkaia og med den vinden vi har hatt, så kunne dette blitt langt meir alvorleg, seier Roald Vårdal i brannvesenet på Atløy.

Dermed var ikkje båten til fare for dei andre båtane i kaien. Sløkkingsarbeidet skal ha gått greitt, men brannen under dekk var vanskeleg å få kontroll på, opplyser Vårdal.

– Det tok tid å få sløkt brannen under dekk. Derfor måtte vi berre ta tida til hjelp slik at vi til slutt fekk kontroll.

Båten er totalt utbrend, men flyt på sjøen framleis. Det var ikkje folk om bord i båten då brannen starta, opplyser politiet.

– Men eigaren er på plass her og har hjelpt til med sløkkinga, opplyser Vårdal.

Brannvesenet hadde kontroll over brannen i 05.30-tida.