Hopp til innhold

Fjordhesten overbeviste Disney - igjen

Staute fjordhestar fall i smak hos disneyturistane som i sommar vitja Fjordhestsenteret i Eid. Turoperatørane har allereie bestilt tre nye anløp neste sommar.

Magni Hjertenes Flyum

VIKTIG: Dagleg leiar ved Fjordhestsenteret i Eid meiner det er viktig å gjere kjend den trua Fjordhesten. – Ein av dei viktige tinga er då å vise fram hesten, og ikkje minst bruke den. Vi ser at det er stor interesse blant turistar og tilreisande for dei norske hesterasane, seier ho.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

Den populære Disney-filmen «Frost» sette fjordhesten i søkjelyset over heile verda. Og i sommar var dei første gruppene frå cruiseskipet Disney Magic på besøk ved Fjordhestsenteret i Eid.

Besøket var så vellukka at senteret allereie har fått bestillingar for neste sesong.

– Ja, neste år kjem dei med tre grupper, strålar driftssjef Asle Espe.

Deltok sjølve

Turistane som i sommar vitja senteret fekk guida tur, oppvisning med hoppande føl, hest og vogn – og dei modigaste fekk sjølv setje seg på fjordhestryggen.

Nett som prinsesse Elsa av Arendelle, Anna, Kristoffer og dei andre ridande karakterane i animasjonsfilmen.

Olaf og Kristoffer i Frost

INSPIRERT: I tillegg til fjordhesten, var filmsuksessen «Frost» inspirert av norsk natur.

Foto: Ap

– Turistane var veldig nøgde. Dei fekk delta sjølve, dei fekk historikk, klappe hest og dei fekk oppleve mykje kring fjordhesten, fortel Espe.

Skreddarsyr pakkar

Dagleg leiar, Magni Hjertenes Flyum seier dei no arbeider med å skreddarsy opplegget til dei neste cruiseturistane.

– Då er det lett for turistane å vite kva dei får når dei kjem hit, og lett for dei som skal sende turistane hit å seie kva tilbod dei får her. Det å få skreddarsydd gode pakkar og gode tilbod er målet no, seier ho.