NRK Meny

Fjord2 i bråk med Fjord1

Selskapet Fjord2 skuldar ferjeselskapet Fjord1 for å halde tilbake ei ferje dei ønskjer å bruke, det skriv Sogn Avis. Fjord2 har ønskt å kjøpe ei ferje for bruk på sambandet Kaupanger-Gudvangen, eit samband Fjord1 gav opp å drive i fjor. Men Fjord1 har ikkje ville selje til Fjord2. Gjennom eit anna selskap, Tønsberg Kabling og Sjøtransport AS, fekk Fjord2-eigar Arne Glenn Flåten til slutt hand om ferja Aurland gjennom ein leigeavtale. No opplever Fjord2 at Fjord1 set seg på bakbeina. Overfor Firdaposten avviser Deon Mortensen i Fjord1 for at ferja Aurland i det heile teke er selt.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar