Fjord1 må kansellere
Grunna tekniske problem må Fjord1 kansellere avgangar på ferjesambandet Anda - Lote i Nordfjord. Dette gjeld avgangane 0640 og 0720 frå Anda, og 07.00 og 07.40 frå Lote. Fjord1 opplyser at dei har hatt straumproblem med Gloppefjord, men at dei reknar med at problema er ordna slik at sambandet vil gå som normalt frå klokka 08.