Hopp til innhold

Fjord1 aukar prisane

Fjord1 Fylkesbaatane har auka billettprisane på turistrutene sine med fem prosent - midt i turistsesongen.

Turistruta på Fjærlandsfjorden

Turistruta på Fjærlandsfjorden er dyrare enn det som er oppgjeve i turistbrosjyrane.

Foto: Eivind Hjellum

Prisauken er ikkje teken med i alle informasjonsbrosjyrane som vert nytta innan turistnæringa.

- Dårleg truverde

Reiselivssjef i Aurland og Lærdal, Noralv Distad, meiner dette gjev reiselivsnæringa dårleg truverd blant turistar og turoperatørar.

- Dei reiser tillit til at prisane som er presentert på nettet og i brosjyrer er gjeldande, seier Distad og konkluderer med at fleire titusen brosjyrer no har feil pris.

Dyrare turistruter

Fjord1 har skrudd opp prisane for turar på Fjærlandsfjorden og ruta mellom Lærdal, Kaupanger, Gudvangen og Flåm og Flåm Gudvangen. Distad fryktar sterke reaksjonar.

- Spesielt blant turoperatørar som har store grupper og som har kalkulert med ein bestemt pris, men når ein kjem fram så blir dei møtt av ein heilt annan pris, seier han.

- Ingen kommentar

For å løyse problemet må reiselivsnæringa ha hjelp. Å produsere nye brosjyrar kostar. Distad meiner Fjord1 Fylkesbaatane må ta seg av kostnadane, og skaffe turistane nye brosjyrar, med rette opplysningar. Distad har sendt eit brev til Fjord1 om dette, og vurderar no ei mellombels løysing på problemet.

- Vi må lage eit skriv der vi gjev opp adresse der dei kan klage. Slik at dei veit kven som har vedteke prisauken, seier han. Ingen i Fjord1 ynskjer å kommentere kritikken.