Spenninga har vore stor kring det fem dagar lange styremøtet i oppdrettsgiganten Fjord Seafood. Etter milliard-investeringar i fjor stupte lakseprisen, og aksjekursen raste. Marknadsverdien på selskapet fall med 85 prosent, og halvtårsresultatet viste ei gjeld på heile 3,7 milliardar.
Styreformann Rolf Domstein
Då styret møttest tidleg denne veka blei det spekulert i om selskapet ikkje hadde pengar til å finansiere lån som skulle betalast attende alt i vinter. Men trass i dette vil ikkje styreformann Rolf Domstein gå med på at dei handla overilt.
Domstein legg skulda for den trange økonomien på den dårlege lakseprisen, men seier likevel at selskapet skal vere forsiktige med investeringar i framtida. No skal pengane brukast il å betale ned gjeld, og til å sikre framtidig drift.
Domstein ASA er største aksjonær i Fjord Seafood