NRK Meny
Normal

Fjernar kompensasjon for høgare avgift

Fylkesrådmann Tore Eriksen er uroa over at regjeringa vil fjerne kompensasjonen for høgare arbeidsgjevaravgift.

siv jensen

FJERNAR ORDNINGA: Siv Jensen og resten av regjeringa vil ikkje lenger støtte kommunar som må betale høg arbeidsgjevaravgift.

Foto: Siv Sandvik / NRK

Dette var ein av postane i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett.

I dag får Flora, Førde og Sogndal kompensasjon fordi ein betalar høgare arbeidsgjevaravgift her enn elles i fylket.

Å avvikle denne kompenasasjonen er dårleg nytt, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

– Det er klart at dersom det vert kutta 40-45 millionar kroner kvart år frå etter 2018, slik det står i framlegget til statsbudsjett, så vil nok det ha merkbare konsekvensar i høve til den satsinga som elles kan gjennomførast i Sogndal, og det same med Førde og Florø, seier han.

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

KONSEKVENSAR: Florø, Førde og Sogndal kan få store tap, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Gjennom fleire år har desse tre kommunane hatt høg arbeidsgjevaravgift, i staden for det lågare nivået som ein elles har i dsitrikta. Dette har blitt kompensert gjennom ei spesiell ordning.

– Kompensasjonen er meint å gå til desse tre kommunane med deira omland. Det er ikkje meint å gå direkte til bedriftsstøtte, men til utbygging av infrastruktur og felles tiltak i desse områda.