Hopp til innhold

Kommunen lot seg ikkje skremme av dinosaurane

FØRDE (NRK): Sjølv ein naturtru kopi av ein tyrannosaurus rex kunne ikkje skremme Førde kommune frå å ta affære då byen blei teppebomba av plakatar for dinosaurshow.

Dinosaur i Førde

STOR OG SKUMMEL: Dino World er no på plass med dinosaurane sine, trass i at kommunen fjerna alle plakatane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sist fredag kunne NRK fortelje at arrangøren bak Dino World hadde hengt opp svært mange plakatar på lyktestolpar i heile Førde, mellom anna ved ein skule i sentrum.

Dette oppslaget fekk teknisk sjef i Førde kommune, Bernhard Øberg, til å reagere kraftig.

– Då vi blei merksame på dette, så brukte vi føremiddagen på fredag til å fjerne alle plakatane. Det er rimeleg mange, og det er nærmast å rekne som forsøpling det dei har gjort, seier Øberg til NRK.

– Har teke seg til rette

Han peikar på at arrangørane ikkje hadde søkt om løyve til å henge opp noko som helst, og slett ikkje store plakatar, festa med strips, over heile Førde.

– Vi vil gjerne bestemme kva som skal henge langs med våre vegar. Dei må for det første innhente eit løyve frå oss som vegeigar. I tillegg er det søknadsplikt for reklame langs med offentleg veg. Dei har teke seg til rette, både på den eine og den andre måten, slår Øberg fast.

Dino World plakatane

SAMLA OPP: Førde kommune klipte ned mange av plakatane og samla dei i hop.

Foto: Privat

Innrømmer at dei ikkje hadde løyve

Det er Harald Sydow Ingebrigtsen i firmaet Hotwheels Brothers, som står bak turneen med dei ulike dinosaurfigurane. Han innrømmer at dei ikkje hadde søkt om løyve til å henge opp plakatane.

– Men vi har vore i Førde fleire gonger før, mellom anna med bilshow. Då har dette aldri vore noko tema, seier Ingebrigtsen.

Han syner til at dei har løyve frå politiet til å halde showet, men at det då burde vore ein klausul frå kommunen om at det ikkje var løyve til å henge opp plakatar.

– Det har dei i andre kommunar, til dømes i Sandefjord, der vi skal til hausten, seier arrangøren.

Kan hente plakatane

Bernhard Øberg i Førde kommune meiner uansett at det slett ikkje var rett av firmaet å henge opp dei store plakatane. Men han er viljug til å la nåde gå for rett.

– Vi har plakatane liggjande på vårt lager, dersom arrangøren er viljug til å dekkje våre utgifter, så skal dei få plakatane tilbake, seier Øberg.