Hopp til innhold

Slik vil ordføraren gjere Sunnfjord grønare

Sortering av papir og restavfall i kvar sine dunkar er for lengst blitt del av kvardagen til innbyggjarane i Sunnfjord. Fjaler-politikarane snusar no på tanken om eigne dunkar for plast og matavfall.

Gunhild Berge Stang

TRENG STØTTE: Ordførar Gunhild Berge Stang og Fjaler-politikarane ber no dei andre eigarkommunane i SUM om støtte for å overtale styret til å sjå på moglege løysingar for å utvide kjeldesorteringsordninga.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I stadig fleire kommunar får forbrukarane henta plastavfallet heime hos seg. Her i fylket er ordninga på plass både i Sogn og Nordfjord.

Fjaler-ordførar Gunhild Berge Stang (V) meiner det er på høg tid at sunnfjordingane følgjer etter. Etter eit initiativ frå Miljøpartiet De Grønne i Fjaler vil kommunen no leggje press på det interkommunale renovasjonsselskapet Sunnfjord Miljøverk (SUM).

– Vi ber om at dei ser på løysingar for å utvide kjeldesorteringstilbodet. Vi har i mange år sortert papir og restavfall, men no er tida moden for å ta eit steg lenger, seier Berge Stang.

– Viktig i miljøperspektiv

Nordmenn kastar stadig meir hushaldningsavfall, dei siste åra har kvar av oss i snitt kasta over 400 kilo.

Venstre-politikaren har argumenta klare for kvifor kjeldesorteringsordninga i Sunnfjord-kommunane bør utvidast til å også gjelde plast og matavfall.

– Dette er eit konkret og viktig grep for å sikre at vi har eit meir berekraftig forbruk. Dette er utan tvil viktig i eit miljøperspektiv, seier Fjaler-ordføraren.

Sunnfjord Miljøverk AS er eit interkommunalt selskap og handterer avfallet for eigarkommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal.

Søppeldunker

FLEIRE DUNKAR: Får Fjaler gjennomslag i SUM-styret kan det på sikt bli fleire bossdunkar utanfor huset ditt.

Foto: Rainer Prang / NRK

Vil gjere det enklare for forbrukarane

I dag har husstandane i Sunnfjord kvar sin svarte dunk til restavfall og blå dunk til papir. Avfallet i desse blir henta til faste tider. Anna avfall, til dømes plast, kan ein levere på gjenvinningsstasjonane SUM har i kvar av eigarkommunane. Matavfall som blir levert her vil uansett gå saman med restavfallet.

Berge Stang seier dei vil gjere det enklare for forbrukarane.

– Det er eit mål at vi skal gjere det lettast mogleg å kjeldesortere plast og kompost. Korleis det skal organiserast for å forbetre ordninga må vere opp til SUM. Vi meiner det er eit forbetringspotensial.

Vil ta innspelet på alvor

Frida Melvær

IKKJE POLITISK KRAV I ASKVOLL: Askvoll-ordførar Frida Melvær har førebels ikkje registrert eit liknande initiativ om utvida kjeldesorteringsordning i Askvoll.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

NRK har snakka med styreleiar i Sunnfjord Miljøverk AS, Henrik Lunde. Han vil ikkje kommentere saka før han har fått oppmodinga frå Fjaler på bordet.

Ordførar i Askvoll, Frida Melvær (H), er nestleiar i SUM-styret.

– Alle initiativ som kjem til SUM blir tekne på alvor og drøfta i styret. Eg kan ikkje føresjå korleis drøftingane vil bli, men at dei blir tekne på alvor er eg trygg på.

– Dette er eit tema som både kommunar og SUM tek på alvor. Men SUM har ei relativt god kjeldesorteringsordning med miljøstasjonar i kvar kommune. Viss det skal kome eit opplegg utover det, må vi vurdere det, seier Melvær.