NRK Meny

Fjærlandstunnelen er stengt

Fjærlandstunnelen er stengt på grunn av glasskår på vegen inne i tunnelen. Det melder Statens vegvesen. Ein buss skal ha høyrt inn i ein lastebil og knust spegelen på køyretøyet, og truleg vil tunnelen vere stengt i ein time medan vegvesenet ryddar opp. Trafikkoperatør Jan Erikstad i Statens vegvesen ber bilistar vere tolmodige og vente til dei kan få køyre gjennom.