Hopp til innhold

Fiskeriminister forsvarar kutt til linefiske

Den nye regjeringa vil ikkje følgje opp dei raudgrøne forgjengarane sitt framlegg om 18 millionar ekstra kroner til ei kriseråka linefiskenæring.

Elisabeth Aspaker

FORSVARAR: Elisabeth Aspaker (H) måtte forsvare kvifor dei kuttar i ekstraløyvinga til linefiskenæringa.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I spørjetimen i går måtte fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) forsvare kvifor dei fjerna tilskotet som dei raudgrøne føreslo.

– Eg ser det slik at linenæringstilskotet er eit driftstilskot til ein spesifikk reiskap som kan gje uheldige insentiv til ein del av næringa. Eit slikt tilskot kan hindre naudsynt bevisstgjering om handtering av fangsten generelt, ved at ein ikkje endrar dei underliggande faktorane som påverkar lønnsemd og kvalitet i næringa, sa ho.

– Treng hjelp

Linefiske er meir miljøvenleg og effektiv, og gjev betre kvalitet enn for eksempel trål- og snurpefiske. Men den slit med å tene pengar. Difor ville dei løyve 18 millionar kroner ekstra til næringa.

I spørjetimen sa Arbeidarpartiets fiskeripolitiske talsperson, Ingrid Heggø, at linefiske er ei næring i krise som treng hjelp.

– Lineflåten, som leverer beviseleg den beste kvaliteten, slit tungt økonomisk. Norway Seafood er til dømes byrja å seie nei til garnfiske på grunn av dårlegare kvalitet. Norsk fisk i utlandet har fått til dels dårleg rykte på seg. Det bør fiskeriministeren ta innover seg og ikkje bagatellisere, sa Heggø.

Gjentok spørsmål

Heggø tok så opp att spørsmålet om kva tiltak statsråden har tenkt å komme med for å fremje kvalitet til det beste for både norske og utanlandske forbrukarar.

– Alle typar fangst og fangstreiskap, så er det faktisk eit klart forbetringspotensial når det gjeld korleis ein handterer fisken før den blir landa i båten. Så her må vi ha ei brei tilnærming, og ikkje fokusere på ein reiskap spesielt, svara Aspaker.