Hopp til innhold

To menn arresterte etter brutalt ran - må sitje fire veker i varetekt

Dei to mennene som blei arresterte etter eit brutalt ran på Kaupanger, blir varetektsfengsla i fire veker. To av vekene er med brev- og besøksforbod.

Årsaka er fare for for at bevis skal gå tapt. Politiet har dermed fått medhald i kravet om varetektsfengsling.

Det var søndag morgon klokka fem at ein mann i 50-åra blei oppsøkt i heimen av to maskerte menn. Dei skal ha truga mannen med noko som såg ut som eit våpen. Han blei også bunden og utsett for slag og spark, men skal ikkje ha blitt fysisk skadd. Etterkvart kom han seg laus og fekk varsla politiet.

Dei to karane skal ha vore på jakt etter våpen og tok med seg diverse gjenstandar.

Etter ein væpna politiaksjon søndag føremiddag, blei dei to mennene arresterte i eit bustadhus.

Har erkjent at dei var med på ranet

Dei to har site i arresten i Florø sidan søndag og i dag blei begge framstilte for varetektsfengsling. Begge to skal ha erkjent straffskuld for ranet søndag.

Advokat Arvid Mellingen er forsvarar for ein av mennene. Han seier klienten hans ikkje er samd i at han skal varetektsfengslast.

– Det skulle vere unødvendig. Men dette er retten si vurdering, så får vi sjå om vi skal anke rettsavgjerda. Klienten min har innrømma at han var med på ranet og har lagt alle korta på bordet. Han er lei for det i dag og orsakar sterkt at han har påført mannen ubehag og angst, seier han.

Har forklart kvifor

Mellingen seier at klienten har forklart for kvifor han var med på ranet.

– Men det vil eg ikkje kommentere før hovudsaka kjem opp.

– Var det nokon relasjon mellom klienten din og fornærma?

– Eg vil ikkje inn på saksforholdet. Det eg kan seie er at han legg seg heilt flat for det som har skjedd. Han vil ta si straff når den tid kjem, seier Mellingen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Kaupanger» i nytt vindu