Hopp til innhold

Fire spurtprisar til Aa Djupvik

Det blei fire spurtprisar til Roger Aa Djupvik, som elles hamna langt ned på resultatlista i Vasloppet sundag.

Roger Aa Djupvik i klassisk stil
Foto: Rune Fossum / NRK

32-åringen frå Gloppen har tidlegare sagt at han denne sesongen vil satse på dei lange distansene. Målet før sesonge var å stå pallen i nokre av dei største renna som Birkebeinarløpet og Vaslaoppet. Men i Vasloppet sundag helt det berre til ein 33. plass.

– Plasseringa er jo ikkje noko å skryte av, og når løpet blei som det blei så var det berre å prøve å få tatt nokre av spurtprisane.

Spurtprisane blei det etter kvart fire av. Men for Aa Djupvik som har hatt pallen som mål er det ei mager trøyst.

– To av dei var i Ski Classic, og tel i cupen der slik at ein kan få litt poeng til laget. Eg er elles litt overraska over at luka til dei andre blei så stor som den vart.

Tidleg luke

Roger Aa Djupvik og Chris Andrè Jespersen fekk tidleg ei luke til resten av feltet og var dei frøste til Smågan, og dei passerte og Mångsbodarne to minutter føre konkurrentane.

– Det var vel eigentleg ikkje heilt planlagt å få den luka heilt frå starten av, men vi fekk no det og luka blei raskt ganske stor. Då var det jo berre å prøve og sjå kor lenge det kunne halde.

Like før Evertsberg måtte Jespersen gi slepp og Aa Djuvik sikra seg då den fjerde spurtprisen.

Blei gåande åleine

– Eg skjønte jo at det ikkje kom til å halde til mål. I alle fall når eg blei gåande åleine, men det var no artig å prøve litt.

Etter seks mil like før Oxberg, då tre mil stod igjen av løpet blei Aa Djupvik innhenta og endal altså til slutt på ein 33. plass. Jørgen Aukland sørga for norsk siger, medan broren Anders Aukland enda på¨tredje.

Plaga av sjukdom

– Dette var det første rennet eg har gått i cupen, dei tre første miste eg på grunn av sjukdom. Sslik sett har det vore ein svært dårleg sesong sålangt. No er det to løpe igjen, birken og finalen.

I fjor blei Aa Djuvik nummer to på Birkebeinarrennet. Dette er eit løp han sjølv meiner passar han betre, og målet er å stå på toppen av pallen.

– Det er det målet ein har når ein står på startstreken i dei flste renn. På ein dag der alt stemmer, både form og ski, så er det mogleg å kjempe heilt i toppen.