Hopp til innhold

Mann (20) er moderat skadd og ligg på intensivavdelinga

Ein person er moderat skadd og tre personar er lettare skadd etter at ein bil køyrde utfor vegen ved Kråkenesfjellet i Vågsøy.

Først gjekk meldingane ut på at to av dei fire i bilen var skadd. No opplyser AMK om at alle fire ligg på Førde sentralsjukehus.

Ein mann (20) er moderat skadd og ligg på intensivavdelinga, medan ein mann (22) og to kvinner (begge 19) er lettare skadd og ligg på vanleg avdeling, opplyser AMK.

Det skal ikkje vere andre køyretøy involvert. Politiet fekk melding om ulukka klokka 13.30.

Alle dei fire personane vart flydd til Førde sentralsjukehus med redningshelikopter, opplyser Hans Geir Christensen ved hovudredningssentralen til NRK.no.

– Vi sendte ut redningshelikopter etter anmodning frå AMK grunna talet på pasientar og usikkerheit rundt skadeomfang. Vi var også nærare, seier Christensen.