Hopp til innhold

Fire pågripne etter masselagsmål

Fire personar vart pågripne etter eit masseslagsmål utanfor Sogndal Hotell natt til 17. mai. Det var to gjengar med norsk og utanlandske ungdommar som rauk i hope.

Det er uvisst kva som er bakgrunnen for slåstkampen der åtte-ti personar braka saman.

Men augevitne fortel til Sogn Avis at det var to grupperingar som slåst. Den eine gjengen var sogningar, medan den var samansett av hovudsakleg ungdommar med utanlandsk opphav.

- Alt skjedde på ein augneblink. Brått var det heilt vilt. Folk slo rundt seg, ein kasta ein sykkel. Det var skikkeleg ekkelt, fortel eit augevitne til avisa.

Fleire politipatruljar

Fleire politipatruljar vart dirigerte til området, men dei sleit med å få kontroll over situasjonen med det same. Ein av slåsskjempane måtte til legevakta med eit kutt over eine auget.

Blant dei pågripne var det både nordmenn og personar av utanlandsk opphav.