Hopp til innhold

Smiler frå øyre til øyre etter EM-sigeren i brassband

Fire frå Sogn og Fjordane var med då Eikanger-Bjørsvik Musikklag gjekk heilt til topps i EM for brassband i Oostende i Belgia.

Kristian Grotle, Jon-Vegar Sole Sundal, Erlend Brandsøy og Kim Systad

GLADE EM-MEISTERAR: Kristian Grotle (Florø), Jon-Vegar Sole Sundal (Kjølsdalen), Erlend Brandsøy (Florø) og Kim Systad (Lavikdalen).

Foto: Oddvar Kjell Grotle

– Det er heilt fantastisk, dette er noko vi har jobba mot lenge, seier Kim Systad når NRK Sogn og Fjordane snakkar med han sundag føremiddag.

Det er ikkje første gong at Eikanger-Bjørsvik Musikklag frå Knarvik vinn EM. På 1980-vann dei den gjeve tittelen to år på rad skriv Bergens Tidende, som var dei første som omtalte saka.

EM er det største eit elitekorps kan vinne i Europa, og for Eikanger-Bjørsvik Musikklag har det vore eit mål heilt sidan dei vann NM i fjor.

– Då vi vann NM så visste vi at vi vart kvalifiserte til til å spele i EM. Så då har vi jobba jamnt og trutt i 15 månader nå målet seier Jon-Vegar Sole Sundal.

Eikanger-Bjørsvik Musikklag

EM-VINNARAR: Her slepper dei jubelen laus.

Foto: Eikanger-Bjørsvik Musikklag

– Vi har vore så nær så mange gonger, men no gjekk det og det var veldig kjekt, seier Systad.

Hardt arbeid gjer at musikarane i Eikanger-Bjørsvik Musikklag no kan kalle seg Europameisterar . Dei tok gullet med 193 poeng. (95 på pliktnummer og 98 på sjølvvald nummer) framfor sveitsiske Valaisia. Cory Band frå Wales kom på ein 3. plass med 191 poeng, same poengsum som Valaisia.

– Eikanger-Bjørsvik Musikklag hevdar seg godt i europeisk samanheng fordi vi jobbar hardt med musikken, og går i djupna på alt vi gjer. Grunnen til at vi har nådd så langt er at vi har klart å utvikle kvaliteten på heile korpset, og at aller klarar å få ut det bete i seg sjølve seier, seier Systad.