NRK Meny
Normal

Firdaposten: Bremanger får ikkje sletta gjeld på 120 millionar

Bremanger får ikkje stroke gjeld på 120 millionar kroner etter at Den Danske Bank vann fram i Høgsterett.

MARKETS-EUROPE-STOCKS/ Danske bank logo is seen on a branch office in Riga

BANKEN VANN: Den Danske Bank gjekk sigrande ut av rettsstriden med Bremanger kommune.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Det er avisa Firdaposten som i dag fortel at dei såkalla derivatavtalane som Bremanger kommune gjorde i Terra-saka er gyldige.

– Dette er dessverre dårleg nytt for oss. Eg må seie at eg er både overraska og skuffa, seier rådmann Tom Joensen til avisa.

Joensen har tidlegare sakt til NRK at kommunen var optimistisk med tanke på å vinne fram i Høgsterett.

– Det er vanskeleg å spå utfallet, men advokatane våre har gjort eit flott arbeid i desse sakene. Dessutan har me fleire positive dommar bak oss i underliggjande rettsinstansar, så me er nøkterne optimistar, sa Joensen.

Skuffa ordførar

Men no har Høgsterett slått fast at avtalane er gyldige, og at Bremanger kommune ikkje får sletta gjeld på 120 millionar kroner.

Ordførar i Bremanger, Audun-Åge Røys (H), seier i ein kort kommentar at han også er skuffa over Høgsterett si avgjerd. Utover det har han førebels ikkje høve til å kommentere saka ytterlegare.

Gruppeleiar for Arbeidarpartiet i Bremanger, Espen Sortevik, seier at han vil diskutere saka med rådmann Tom Joensen før dei kjem med kommentarar.

Stian Arnesen, Danske Bank

NØGD MED SIGER: Stian Arnesen er kommunikasjonssjef i Den Danske Bank.

Foto: Danske Bank

Banken er nøgd

Kommunikasjonssjef i Den Danske Bank, Stian Arnesen, seier til NRK at dei i første rekke er nøgde med at det har kome ein rettskraftig dom.

– Saka er dermed er avslutta ein gong for alle. Men sidan dei såkalla domspremissane ikkje er klare enda, så kan vi ikkje gå i detalj på dette før det er klart.

– Har saka vore ei belastning for banken?

– Det ligg i korta at når vi seier at vi er glade for at dette har fått ein rettskraftig dom, så er jo dette inga hyggeleg sak for nokon av partane.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote