Firda Management er det fjerde lakseslakteriet i landet som må ty til permitteringar etter at Russland stengde dørene for norsk laks, fordi dei meinte dei hadde funne tungmetall i fisken. Totalt er 210 personar i laksebransjen på Vestlandet no permitterte, og Knut Haagensen i FHL Industri Eksport utelukkar ikkje at det blir fleire i tida som kjem.
Taper 1,5 mill dagleg
Hos Firda Management sender dei til vanleg ut kring 50 tonn med fisk dagleg, og Braanaas reknar difor med at dei taper kring 1,5 millionar kroner dagen på grunn av konflikten. Han fryktar for konsekvensane dersom laksestriden med Russland skulle trekke i langdrag.
Januar kan bli lagnadsmånad
For laksenæringa kan januar dermed syne seg å bli ein lagnadsmånad, for om nokre dagar blir også minsteprisane til EU for dei neste fem åra avgjort. Men sjølv om det skjer samstundes med at vi no også har ein konflikt gåande med Russland vil ikkje Knut Haagensen i FHL måle fanden på veggen enno.
Usemje om handteringa
Så langt tykkjer Haagensen at styresmaktene har handtert laksestriden med Russland på ein god måte. Men i Gulen meiner Ola Braanaas at striden forlengst burde vore løfta opp på ministernivå.