Hopp til innhold

Finn Tokvam har skrive bok om "Lothepus"

Finn Tokvam har skrive bok om fenomenet "Lothepus", og fortel at mannen frå Hardanger har gjort stort inntrykk på han.

Lothepus og Finn Tovkam

FANN TONEN: "Lothepus" og Finn Tokvam trefte kvarandre først då Lothe var gjest på Tokvam si førestilling "Folk og Finn".

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

– Eg merka veldig fort kor snill og raus Leif Einar er som person, og det var eigentleg det som gjorde at eg sa ja til å skrive denne boka.

Det første Finn Tokvam tenkte då han fekk tilbodet om å skrive bok om Leif Einar "Lothepus" Lothe, var at han ikkje var interessert i det heile. Likevel skulle det ikkje mange samtalane til, før han merka at dette var ein kar som hadde historier å fortelje.

Lothe vart kjent etter at han var med i fjernsynsseriane "Fjorden Cowboys" og "Farmen" på TV2. Der markerte han seg som ein brautande og frittalande arbeidskar.

Tokvam, som sjølv er frå Flåm i Sogn, såg noko han kjente att i "Lothepus".

– På Austlandet ser folk på han som ein skikkeleg original, men på Vestlandet kjenner vi jo alle ein Lothepus. Han er farleg nær slike typar som eg sjølv kjenner frå oppveksten, seier Tokvam.

Resultatet vart boka "Lothepus – Går det til helvete, så går det til helvete", som er gitt ut av Samlaget.

Finn Tokvam med biografi om Lothepus

FORFATTAR: Journalist Finn Tokvam er mellom anna kjent frå radioprogrammet P.I.L.S. No har han skrive bok om Lothepus og gitt ho ut på Samlaget.

Foto: Eivind Senneset / Eivind Senneset

Gjekk mykje rundt grauten

Boka er fortalt i første person, så det er Lothe sjølv som fortel. Så har Tokvam skrive det ned.

– Det var ikkje berre lett å jobbe med han. Han er jo ikkje den som skrik ut om kjensler og slikt, så vi måtte ofte gå litt rundt grauten før vi byrja å prate om dei store tinga, seier forfattaren.

Etter kvart kom forfattaren likevel inn på intervjuobjektet sitt, og han meiner sjølv at det kom mange god historier ut av det.

– Eg ville fortelje historia om den vanlege mannen frå Hardanger som vart rikskjendis nummer ein i løpet av ein vinter. Innhaldsmessig er det alt frå galne historier til nære og tragiske ting som tapet av broren og ei tung tid på skulen med mobbing.

Leif Einar "Lothepus" Lothe

HAR GJORT LITT AV KVART: Leif Einar "Lothepus" Lothe har gjort mykje forskjellig i løpet av livet sitt.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Alle historiene er sanne

Lothe sjølv seier at alle historiene om han er sanne. I boka kjem det mellom anna fram at han vart kidnappa i India ein gong, og at han ein annan gong har flykta frå politiet på hest. "Lothepus" meiner likevel at han har levd eit vanleg liv.

– For meg har det vore normalt, det er ikkje mitt problem at andre tykkjer det ikkje er normalt.

Sjølv har ikkje "Lothepus" lese boka om han sjølv.

– Nei, eg torer ikkje å lese ho.