Finalekandidatane i Årets kulturidé

Juryen har komme fram til ti kandidatar som utgjer finaleheatet i «Årets kulturidé 2012». No kan du gje di stemme!

Vurderer søknadane til "Årets kulturidé".

JURYEN: Musikar Laila Beate Førde, leiar Pål Fidjestøl i sparebankstiftinga og Steinar Fredheim som leiar for Distriktsenteret i Sogndal. Dei tre har plukka ut ti finalistar som får høve til å vinne 100 000 kroner.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Saman med Sparebankstiftinga leitar NRK Sogn og Fjordane etter den beste kulturidéen i fylket. Den som vinn, stikk av med 100 000 kroner til prosjektet sitt.

Då fristen for å sende inn idear var gått ut, hadde det komme inn 35 søknader.

Juryen har plukka ut ti kandidatar, som utgjer eit finaleheat i konkurransen.

  • No kan du stemme på den kandidaten du meiner har den beste ideen. Det er berre lov å stemme éin gong kvar dag.

Her er juryen sine finalekandidatar:

Balestrand Vinterfestival Korps
Ein korpsfestival i Balestrand for ungdoms- og vaksenkorps og både brass og janitsjarbesetning. Balestrand Musikklag vil skape ein arena for læring og inspirasjon for alle, og har alliert seg med arrangørkompetansen i den veletablerte Balejazz. Musikalsk ansvarleg er den erfarne komponisten og arrangøren Magne Rutle.

Boknatti i Fjærland
Boknatti har vorte arrangert kvar midtsommarlaurdag sidan 1997, og er både ein gjenbruksmarknad for bøker (med «4 km bøker til sals»), ein litteraturfestival med føredrag, bokbad, konsertar og underhaldning – og med ei fantastisk ramme av grøn fjord, blå bre og historiske Mundal hotell. Alle arrangementa er dessutan gratis.

Idéverkstad for landskapsforteljingar
Amlabukti grendelag, Knaken og Kaupanger Hovedgård går her saman for å utvikle ein unik kultursti i Kaupanger, med mobiltelefonen som «personleg guide» gjennom eit historierikt område som i tillegg vert utsmykka med «land art» og annan spanande kunst.

Jølster Tangofestival
Tangoklubben Jølster Tango ønskjer å skape ein ny Tangofestival med artistar og kurshaldarar i internasjonal toppklasse på seinsommaren/tidleg haust 2012. Ambisjonane er å trekkje både eit danseiniteressert lokalt publikum og tangofrelste frå andre delar av landet.

Via Ferrata Loen
Nyskipinga Loen Active AS ønskjer å byggje ut Via Ferrata Loen, ein klatresti som går opp til fjellet Hoven på 1010 m.o.h. Klatrestien vil ha ein wire som er fastmontert i fjellet, med klatretrinn bora inn i fjellet på dei vanskelegaste områda. Ein kan hekte seg på wiren med karabinkrok, slik at ruta vert tilgjengeleg for langt fleire enn dei som til vanleg klatrar i desse fantastiske fjella.

Måløy Havfiskefestival
Ein internasjonal havfiskefestival i fiskeindustrimetropolen Måløy for både sportsfiskar-elite og hobbyfiskarar med både folkefest, barneprogram og moglegheit for å smake på både fangsten og annan lokal mat, tilberedt på beste måte av lokale kokkar.

Operahelg på Åmot Operagard
Åmot Operagard har etablert seg som ei av Norges viktige og mest særprega operascener, og har sanka ei rad prisar for sitt nybrottsarbeid – no nyleg fekk dei prisen for «årets reiselivsperle». 23. august 2012 set dei opp sitt mest ambisiøse prosjekt nokon sinne; barokkoperaen «Orlando» av Händel – som dei første i Norge.

Opplev Leikanger: Sommarfest
Opplev Leikanger vil gjenreise gamle stolte rocketradisjonar frå «Knausen» på 80-talet, ved å først la unge lokale musikktalent får øve med og lære av gamle og nye rockeheltar, og til slutt opptre saman med dei på ein storstila konsert på Nokkaneset ved Knausen.

Spelet om Kong Audbjørn av Fjordane
Eit annleis Spel om den historiske Audbjørn frå Eid, som vart gravlagd i Noregs største vikingskip – men som likevel svært få kjenner til. Spelet skal presenterast i handlegata i Nordfjordeid over 3 «episodar», med avsluttande episode 15. september under årets Eidamesse.

Utkantfestivalen
Femåringen UTKANT har allereie blitt ein namngjeten kunst- og musikkfestival med ein tydeleg, innovativ norsk profil, og trakk i fjor heile 6200 menneske til vesle Skjerjehamn i Gulen. Utkant blei arrangert første gong i 2007 i samband med avdukinga av statuen av Kong Olav V.

  • Her kan du stemme, men berre ein gong i døgnet per ip-adresse. Deler du ip-adresse med fleire, til dømes om du jobbar på ein skule eller ein annan offentleg institusjon, får du feilmelding om andre har røysta før deg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.