Hopp til innhold

Fiberbrot skapar krøll for Telenor på kysten

Det kan ta fleire dagar før Telenor får retta fiberbrotet som har slått ut sju basestasjonar i Flora og Bremanger.

Kalvåg

ILLUSTRASJON: Innbyggjarar i Bremanger må truleg klare seg i dagevis utan breiband og telefoni. Telenor har funne eit fiberbrot i sjøkabelen mellom Kalvåg og Florø.

Fiberbrotet er i ein sjøkabel kring 2,5 kilometer frå Kalvåg i Bremanger. Informasjonssjef Catharina Kokkim seier dei avheng av å ha eit kabelskip på plass før feilen kan bli retta.

– Vi ventar at kabelskipet er nede om eitt par dagar, så arbeidet startar etter det. Vi må ha spesialmannskap på plass for å få retta feilen, seier Kokkim.

Størst problem i Bremanger

Catharina Kokkim

INFORMASJONSSJEF: Catharina Kokkim seier det kan gå fleire dagar før fiberbrotet i Bremanger er retta.

Foto: Telenor

Det er i Bremanger at fiberbrotet skaper størst problem.

– Feilen råkar Bremanger, der fem av 13 basestasjonar er ute. Her er 118 breibandkundar råka og 455 kundar på fasttelefon. Vi har også to basestasjonar som er råka i Florø, seier Kokkim.

– Har du forståing for at kundane er frustrerte når dei må klare seg i dagevis utan telefon og internett?

– Sjølvsagt, men vi prøver å jobbe så fort vi kan. Det blir også jobba med å sjå om det er mogleg å leggje om trafikken.

Brudd i kabel

SJÅ VIDEO: Det er eit omfattande arbeid når ein fiberkabel må reparerast.

Må rette mange feil

– Vi ser på moglegheita for å auke kapasiteten på andre basestasjonar i området, men det avheng av plassering og om det er mogleg å rute om trafikken. Det er slikt som vi jobbar kontinuerleg med, legg Kokkim til.

Telenor har eit stort arbeid med å rette opp alle feila som oppstod i samband med orkanen Nina i helga. I tillegg førte torevêret måndag kveld og natt til tysdag til nye feil på nettet i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

– Vi har veldig store konsekvensar langs kysten av Norge etter uveret siste tida, men vi har fokus på dei mest råka områda og ser etter kva som er mogleg å gjere, avsluttar Kokkim.