Hopp til innhold

Festbråk og motorhavari

Politiet måtte i løpet av natta gripe inn mot to tilfelle av festbråk, og i Askvoll måtte ein båt få hjelp etter motorhavari.

Politi-illustrasjon

FESTBRÅK OG MOTORHAVAR: Det har vore ei høvesvis roleg natt for politiet i fylket.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Like etter klokka 19 i går kveld måtte ambulansebåten i Askvoll rykke ut til ein båt som hadde fått motorhavari ved Heggøyosen. Alle dei sju som var om bord vart berga trygt i land.

Klokka 22:30 stogga politiet i Florø ein bil som mangla bakskilt.

Ein knapp time seinare var det eit trafikkuhell ved Kjørnes i Sogndal, der to bilar var involverte. Ingen kom til skade i hendinga, men vegen var ein periode delvis sperra.

Kring midnatt fekk politiet melding om festbråk i Havreneset i Florø, der fekk huseigaren pålegg om å dempe musikk og bråk.

Også ved eit arrangement ved Vikheim i Sogndal gav politiet pålegg om å dempe musikken.

Like før klokka to i natt fekk politiet klagar på ein hund som stod og bjeffa i Høyanger.

I Florø sentrum var det amper stemning ved ein utestad. Ingen kom til skade, men ei kvinne i 20-åra var aggressiv overfor ein mann i 30-åra.