Hopp til innhold

Festbråk og avskiltingar

Det har vore ei ganske roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane, men dei har likevel ikkje gått heilt utan arbeid.

Politiuniform

ROLEG: Det har vore ein roleg natt for politiet i Sogn og Fjordane, men dei har likevel hatt litt å gjere på.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Det har vore ei natt til laurdag som har vore roleg, og det er ikkje så veldig mykje å melde frå politiet sine aktivitetar, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt i Florø.

Heilt stille har det likevel ikkje vore. To stader måtte politiet rykke ut til festbråk, først i Høyanger, og så i Vågsøy.

I Høyanger fekk dei roa festen ned etter fleire klagar ifrå sure naboar, men i Vågsøy var festdeltakarane allereie vekke då politiet kom til staden for å roe gemytta.

I Høyanger har dei og hatt ein fartskontroll i løpet av natta, og det enda med at to bilar fekk ein forenkla førelegg for å ha køyrd for fort. Den eine vart målt til ein fart på 72 km/t og den andre på 73 km/t. Begge to vart tekne i 60-sona.

Og to bilar har også mista skilta sine. Både i Måløy og i Sogndal vart ein bil avskilta for ikkje å ha vore inne til periodevis kontroll. Begge to mista skilta sine mellom klokka to og klokka tre i natt, kan politiet fortelje.