NRK Meny

Ferska på nytt to månader etter dom

Ein sunnfjording i 30-åra er igjen dømd for narkobruk. Berre to månader etter at han vart dømd for kjøp og bruk av narkotika, vart han pågripen med to gram hasj. Sogn og Fjordane tingrett har dømd mannen til ytterlegare seks dagar fengsel. Fengselsstraffa er no på til saman 27 dagar, og heile straffa blir gitt med ei prøvetid på to år.