Hopp til innhold

Ferjetrøbbel på Lavik-Oppedal

Skal du over Sognefjorden og har planar om å ta ferja mellom Lavik og Oppedal på E39 må du bu deg på ventetid måndag kveld.

Ferja Lifjord sperrar kaien på Lavik

SPERRAR: Ferja Lifjord har fått problem med ein baugpropell og kjem seg no ikkje vekk frå kaien på Lavik ved eiga hjelp.

Foto: Jardar Raa Haugland

Fjord1 har nemleg fått motorhavari på ferja Lifjord, og den vart liggande lenge å sperre for kaia på Lavik. Dermed måtte ein ved 18.40-tida måndag kveld stengje heile ferjekaia, og i staden gjekk sambandet ein periode mellom Oppedal og Rysjedalsvika.

SISTE: Klokka 21.40 opplyser Fjord1 at ferja vil gå mellom Lavik og Oppedal som normalt frå klokka 22. Det er framleis berre ei ferje på sambandet og denne vil gå kontinuerleg til alle er komne over.

Ifølgje Vegtrafikksentralen er det rekna ei ventetid på to timar på Oppedal-sida. Kor lang ventetid det blir for dei som står på Lavik-sida har ein ikkje oversikt over.

– Vi gjer så godt vi kan

Det har blitt mange timar med venting for bilistane som skal over Sognefjorden måndag kveld.

Vakthavande ved Fjord1, Oscar Bergheim, opplyste til NRK.no ved 19.15-tida at dei håpa å få drege vekk ferja frå kai innan klokka 22.

Fram til då måtte folk altså køyre til Rysjedalsvika og ta ferja derfrå i staden.

Det var umogleg for Fjord1 seie akkurat kor tid ferja ville gå frå kvar side av fjorden, men Bergheim sa ferja ville gå så fort den var tømt og fylt opp att.

– Vi gjer så godt vi kan og jobbar så fort vi kan, sa Bergheim til NRK.no ved 19.15-tida.

Ventar heller på Lavik

På Vegtrafikksentralen i Lærdal fekk vakthavande Roger Nedberge Hille inn mange telefonar om ferjeproblema.

Fleire av tungbilsjåførane han snakka med gav uttrykk for at dei heller vil vente på Lavik ferjekai enn å leggje ut på den smale vegen til Rysjedalsvika.

– Det er smale vegar, så i staden for å lage kork ventar dei på Lavik, sa Nedberge Hille til NRK.no ved 19.40-tida.

Ferjesambandet Lavik-Oppedal har stor trafikk året rundt, både med små og store bilar.

Når ferja måtte gå mellom Rysjedalsvika og Oppedal tok overfarten rundt ein time, medan det til vanleg skal gå 20 minutt mellom Lavik og Oppedal.

Då NRK snakka med Nedberge Hille ved 19.40-tida venta han at ferja ville leggje til kai på Oppedal i løpet av kort tid. Denne skal så tømmast og fyllast opp før den legg i veg mot Rysjedalsvika, og så returnerer den igjen til Oppedal.

Han sa at bilistane som ventar på Lavik i beste fall kan rekne med at ferja går i 22-22.30-tida.

Og ved 22-tida har altså Fjord1 fått fjerna ferja Lifjord som i fleire timar har sperra for kaien på Lavik. Men det er lange køar på begge sider av fjorden og det vil truleg gå fleire timar før alle er komne over.