Hopp til innhold

Ferjene tar unna trafikken

Trafikken går unna utan kø på begge dei to ferjesambanda i fylket som er er råka av streik. Men kaptein Bjarte Hjartholm seier det kan bli kø på opp mot ein time utover dagen mellom Lavik og Oppedal.

Lavik ferjekai
Foto: Stian Sjursen / NRK

- Ferjestreiken skapte ikkje større forseinkingar for trafikken måndag morgon. Rett nok vart nokre passasjerar ståande igjen på kaien søndag kveld då siste ferje mellom Lavik og Oppedal gjekk. Dei som valde å verte igjen, og ikkje køyre rundt, kom seg på første ferje måndag morgon og er no kome seg over Sognefjorden. Det er ikkje særleg meir enn ein times venting for dei som eventuelt ikkje får plass på ferja mellom Lavik og Oppedal. Mellom Mannheller og Fodnes har vi stor nok kapasitet på den eine ferja som går, seier viseadministrerande direktør i Fjord1 Fylkesbaatane, Svein Solheim, til NTB.

Ferjekø i Lavik.
Foto: Stian Sjursen / NRK

Halvannan time ventetid

Søndag kveld var det lang kø og halvanna time ventetid i Lavik. Etter at siste ferja var gått stod det att sju personbilar og fem vogntog. Desse måtte vente til i dag tidleg.

På Manheller-Fodnes var det ikkje kø, her kom alle bilane med. Søndag kveld hadde den nye storferja "Lote" svelgt unna all trafikken. Inntrykket er at folk i ein viss grad har lete bilen stå og har teke buss i staden, opplyser Fjord1 Fylkesbaatane.

34 ferjesamband i 11 fylke er råka av streiken. I Sogn og Fjordane er det ferjene "Gloppen" og "Stryn" som er tekne ut i streik. På det største ferjesambandet i fylket, Manheller-Fodnes, har streiken altså ikkje skapt nemneverdige problem.

Timesavgangar

I ytre Sogn går det derimot litt tregare. Ferja som trafikkerer Lavik-Oppedal er litt mindre og tungtrafikken er som vanleg stor måndag morgon. Difor må trafikantane gjere rekning med ventetid på dette sambandet.

Streiken betyr at Lavik-Oppedal berre får timesavgangar. Frå måndag av går første ferje 0900 frå Lavik og 0930 frå Oppedal, medan siste ferje går 2100 frå Lavik og 2130 frå Oppedal.

På Mannheller Fodnes er det også timesavgangar. Frå klokka 0600 går ferja kvar heile time frå Fodnes og kvar halve time frå Mannheller. Siste ferje går frå Mannheller 20.30, frå Fodnes 21.00.

Varslar opptrapping

Norsk Sjøoffisersforbund har varsla at dei vil trappe opp streiken frå fredag. Bakgrunnen for streiken er at forbundet sa nei til skissa som meklingsmannen la fram i innspurten av forhandlingane i to-tida natt til laurdag.

- Vi sa nei til eit altfor dårleg tilbod. Vi har påvist at vi dei siste ti åra er blitt liggjande etter i lønsutviklinga med 15 prosent, og det er det ikkje teke omsyn til i skissa som vart lagt fram av meklingsmannen, seier Asbjørn Furnes i sjøoffisersforbundet.