NRK Meny
Normal

Gjekk tom for diesel – vart liggande å drive midt på fjorden

Ferja «MF Aurland» miste måndag morgon motorkrafta på veg mellom Atløy og Askvoll. Ferja vart liggande å drive midtfjords, men det ein trudde var tekniske problem var noko litt anna.

MF Aurland med tekniske problem vart liggande å drive mellom Atløy og Askvoll

MIDTFJORDS: MF Aurland vart liggande å drive mellom Atløy og Askvoll med tekniske problem.

Foto: NRK.no-tipsar

– Klokka 08.40 fekk vi melding om at «MF Aurland» hadde fått tekniske problem som gjorde at den fekk motorstopp. Ferja var då på veg mellom Atløy og Askvoll og hadde med seg 43 passasjerar, fortalde driftssjef i Fjord1, Terje Stub til NRK.no like over klokka 09.

Ein av passasjerane fortalde like før klokka 09 at det var 16 bilar om bord, og at det var mange pendlarar og skuleungdom som var på veg til Askvoll.

Hos Fjord1 understreka dei tidleg at det ikkje hadde vore fare for verken materiell eller passasjerar. Men det ein trudde var tekniske problem, viste seg i staden å vere ein tom dieseltank.

– Situasjonen er under kontroll

Klokka 09.15 måndag morgon var ferjeselskapet i ferd med å slepe «MF Aurland» til land i Askvoll. Ein trudde då at det var tekniske problem som gjorde at ferja hadde mist motorkrafta ute på fjorden.

– Maskina stoppa, og vi fekk ankra opp ferja. No får den assistanse av den andre ferja vi har i området, «MF Eid», sa Stub til NRK.no like over klokka 09.

– Korleis har de teke vare på passasjerane som sikkert opplevde dette som skremmande?

– Vi har informert så godt som vi kan. Heldigvis er vêret veldig fint i området og eg trur passasjerar har inntrykk av at vi har situasjonen under kontroll, sa Stub.

Han sa vidare at situasjonen kunne ha blitt meir dramatisk om det hadde vore dårleg vêr i området, men seier dei då hadde sett anker fortare enn det som vart gjort i dette tilfellet.

(Artikkelen held fram under biletet)

MF Eid kjem MF Aurland til unnsetjing

MF EID: Ferja MF Aurland fekk i morgontimane måndag hjelp av ferja MF Eid etter at den miste motorkrafta på veg frå Atløy til Askvoll.

Foto: NRK.no-tipsar

I drift att om nokre timar

Stub trudde i 09-tida at det ville gå nokre timar før dei fekk ferja tilbake i normal drift.

– Det er motortekniske problem og vi meiner vi har funne årsaka. Om det er det vi trur, så skal ikkje dette ta lang tid å få i orden, sa han til NRK.no klokka 09.15.

Ein del av passasjerane skulle vidare med ekspressbåten i Bergen, og desse vart henta med ein mindre lokal skyssbåt, opplyser Fjord1.

Hadde gått tom for diesel

Men det viste seg at det slett ikkje var snakk om tekniske problem. Ifølgje ein passasjer Bergens Tidende har snakka med fekk dei opplyst av ferjemannskapet at ferja hadde køyrt seg tom for diesel.

Driftssjef Terje Stub hos Fjord1 stadfestar desse opplysningane til NRK.no klokka 11.30.

– Det var ikkje drivstoff på dagtanken. Det er rett og slett menneskeleg svikt som er skuld i at dette skjedde, seier Stub som fortel at maskina ikkje har teke skade av hendinga.

Ferja var tilbake i normal drift like før klokka 11 måndag føremiddag.

Ferje får hjelp i Askvoll

PÅ SLEP: Fjord1 har to ferjer i området, og MF Eid kunne dermed slepe MF Aurland til land i Askvoll.

Foto: NRK.no-tipsar


Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå