Problema skal ha oppstått etter ei grunnberøring då den like før klokka 20 skulle leggje til ved Lote. Ingen personar eller bilar skal ha blitt skadde i hendinga. Derimot viste det seg at eine propellen vart øydelagt.
Det er MF «Gulen» som no trafikkerer sambandet, ettersom M/F «Lote» er til vedlikehald i Ålesund.
Det er uvisst kor lenge ferja blir ute av drift, men etter det NRK.no kjenner til er Fjord1 i gang med å finne ei eventuell erstatningsferje. Politiet opplyser at saka blir rutinemessig følgd opp ved Eid lensmannskontor.