NRK Meny

Ferdig med sikringsarbeid i mars

Sikringsarbeidet ved Finnsåstunnelen på fylkesveg 53 i Årdal kommune blir truleg ferdig i mars, melder Statens vegvesen. Det har vore fleire ras på den utsette strekninga. – No har vi starta på montering av det største rasgjerdet, seier byggjeleiar i Vegvesenet, Svein Jarle Slinde.

Fylkesveg 53 mellom Årdalstangen og Fodnes
Foto: Bjørn Indrebø / Statens vegvesen
Første hybridferje er på plass på Anda-Lote