NRK Meny
Normal

Fem valdsepisodar i fylket på to døgn

To personar hamna på legevakta etter slagsmål i natt. I alt har politiet rydda opp i fem ulike valdsepisodar sidan 2. juledag.

Laster kart, vennligst vent...

JULEVALD: Klikk på markørane for å sjå kva som har skjedd.

Julefeiringa har og ei bakside. Politiet har meldt om fem saker berre dei to siste døgna om vald som skuldast fyll og fest.

Natt til søndag var det først i Sogndal det skjedde. Klokka 02.40 måtte politiet rykkje ut til ei adresse der det hadde vore eit slagsmål.

– Køyrer til legevakta med ein person som blør i ei hand. Lite samarbeidsvillig, og overlaten til helsevesenet, skriv politiet i sin logg.

Klokka 03.35 i natt rykte politiet ut til ein bensinstasjon i Førde sentrum, der det gjekk føre seg eit slagsmål.

– Ein person blir køyrd til legevakta av ambulanse. Politiet på utikk etter gjerningspersonen, skriv politiet.

Også natt til 3. juledag var det ei rekkje valdsepisodar rundt om i fylket som politiet måtte ordne opp i:

  • Ein mann slo til ei vakt og skapte uro på ein fest i Naustdal
  • Mann i tjueåra tok kvelartak på to 19-åringar i Sogndal sentrum
  • Mann i tenåra slo til ein annan tenåring i Sogndal sentrum

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast