Ulukka skjedde då ein semitrailer og ein bergingsbil kolliderte ved halv-fem tida tysdag ettermiddag. Ein større personbil sto på lasteplanet av bergingsbilen, og to av dei skadde sat i denne bilen.
To luftambulansar
Det vart sendt ut to luftambulansar frå Førde og Bergen, og fem ambulansebilar med lege. Også politi og brannmannskap frå Høyanger og Førde var med i arbeidet på ulukkesstaden.
Ei 10 år gamal jente vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus. Situasjonen hennar er alvorleg men stabil. Dei fire andre, ei kvinne og tre menn, vart sende til Førde sentralsjukehus.
E39 var stengd på ulukkesstaden i fleire timar. Litt over klokka 20 vart dei første bilane dirigerte forbi.
MMS-foto Steinar Lote NRK