Hopp til innhold

Ingen kunst å gå på raud løpar inn til si eiga kunstutstilling

Sjeldan har glisa vore breiare og stega sikrare på veg inn til ein utestad i Førde. Men denne gongen på dagtid, og denne gongen for å feire sin eigen kunst.

Kunst og handtverkprosjektet til 7.klasse ved Førde barneskule blei så bra at dei no stiller det ut på Pikant i Førde.

STILLER UT: Elevane frå Førde barneskule var tysdag heidersgjester på si eiga utstilling.

Sjuandeklassingane ved Førde barneskule har nemleg fått lov til noko ingen andre har gjort før dei i Førde.

Gjennom eit samarbeid mellom skulen, restauranten Pikant og kunstnaren Rune Furelid skal kunstverka deira stillast ut i to veker.

– Ungane har jobba utruleg bra med sine eigne måleri, og har vore veldig klare på at dette skulle bli flotte bilete som alle no kan få sjå, seier Rune Furelid til NRK.

Elevane fekk høve til å kopiere verk frå verdskjende kunstnarar og Furelid rosar elevane for måten dei takla den vanskelege oppgåva på.

Furelid er sjølv biletkunstnar, og tykte det var veldig kjekt å bli spurt om å undervise dei unge elevane.

– Det er jo ei ære, og ikkje minst veldig kjekt då å kunne invitere publikum hit til å sjå resultatet, seier Furelid.