Hopp til innhold

Fekk sint telefon frå slottet etter kritikk

Sveinung Rotevatn frå Venstre har kritisert slottet både frå stortinget sin talarstol og i media. Det tok ikkje slottet lett på.

Sveinung Rotevatn

KRITIKK: Sveinung Rotevatn bad om at det vart større openheit om kongehuset sin økonomi, etter at slottet ikkje ville opplyse om kven som betalte for ein ferie på luksusyacht.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Eg fekk ein sint telefon frå slottet, fortel Sveinung Rotevatn til Dagbladet.

Stortingsrepresentanten frå Eid er ein av fleire som har blitt ringt opp av hoffet sin kommunikasjonssjef i etterkant av kritiske utsegner, skriv avisa.

Før jul retta eidaren kritikk mot kongehuset under ein debatt i Stortinget. Han meinte at hoffet si økonomistyring var uryddig. Han retta også kritikk mot kommunalminister Jan Tore Sanner (H), som han meinte burde ha gripe inn i kongefamilien sin omfattande pengebruk på private eigedomar. Då kom telefonen frå kommunikasjonssjefen Marianne Hagen.

Til Dagbladet seier Hagen at ho gjennom oppringingane ville forsikre seg om at Rotevatn og andre som uttalte seg var presentert for heile biletet. Ho meiner at fleire av intervjuobjekta ikkje har vore orientert om fakta i saka.

Rotevatn og dei andre intervjuobjekta kjenner seg ikkje att i denne skildringa, seier dei til avisa.