NRK Meny

Fekk pris for god nynorsk

Sigrid Moldestad har brukt ord som "fjøgd" og "aminje". I helga fekk ho målpris for å ha eit godt språk.

Sigrid Moldestad på Norsk Country Treff 2010
Foto: Per Svein Reed

Artikkelen er flere år gammel.

- Eg skjønte ikkje heilt kva som skjedde, eg vart rett og slett litt paff.

Det seier musikar Sigrid Moldestad om prisen ho fekk frå Gloppen Mållag i helga.

Hadde ikkje peiling

Det var under kyrkjekonserten på Norsk Country Treff at Moldestad fekk prisen.

- Det var ei utruleg hyggeleg overrasking i Breimskyrka. Det er stas å bli sett pris på, og det er kjekt at nokon meiner eg har eit godt språk.

- Nynorsken betyr mykje

Moldestad seier nynorsken betyr mykje for ho.

- Eg er veldig glad i både målforma og målføre mitt. Dei er både poetiske og kraftfulle. For meg er det ikkje eit alternativ å uttrykke meg på nokon annan måte.

Aminje og fjøgl

Det vart trekt fram i grunngjevinga at musikaren frå Gloppen har brukt ord som aminje og fjøgd i arbeidet sitt.

Aminje er tittelen på eit album som vart gitt ut av Spindel. Fjøgd er namnet på trioen Moldestad speler i.

- Det er kjekt å få merksemd for at eg bruker slike ord, seier Moldestad.

Og om du lurer på det: Fjøgl er et ord som du finn i Ivar Aasen si ordbok og betyr glitter, stas og fjas. Medan aminnje er eit verb. "Nei no er eg så trøtt etter middagen at eg må gå og aminnje litt".

Her er utdrag frå grunngjevinga frå Gloppen Mållag:

Vinnaren i år kjem altså frå Breim. Ho har sine røter i folkemusikken, spelar fele, skriv - og syng - songar, på internasjonalt nivå. Og når ho skriv og syng, så gjer ho det på nynorsk og på si eiga dialekt. Alt i skrift kjem på nynorsk, og ho held lokale ord og uttrykk i hevd på sin måte. Kort kan nemnast ord som Aminje, Spindel og Fjøgl. Men ho syner det også i eigne tekstar - som dei vi har fått i platene Taus og Sandkorn. Når ho på den siste plata tek fatt i ein engelsk lyrikar, så er det fordi ho har forelska seg i den nynorske omsetjinga. Og når ho sjølv skriv er det på eit godt nynorsk med klare røter i Breim.

2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar
Stortingsvedtak om vestlandsregionen