Hopp til innhold

Fekk monsterlaks på kroken

Jan Erik Aase fekk denne monsterlaksen på kroken i elva Nausta.

Fekk monsterlaks på kroken

Foto og redigering: Alf Vidar Snæland.

Monsteret er 122 cm langt og 18 kilo tungt, og vart teke på Grimset i Naustdal. Aase brukte rundt 20 minutt på å få fisken opp.

Tidlegare i år har det vorte fanga fisk på 12–13 kilo i elva.

– Det har gått opp ein del stor laks denne sesongen. Men dette er årets fisk, seier Aase.

Jobbar for å auke bestanden

Men dette er den største fisken på mange år, fortel leiar i elveeigarlaget Eilif Erdal til NRK. Dei siste åra har det kome større innslag av mellomlaks og storlaks.

Storfisken får leve vidare. Elveeigarlaget skal sette ut 30 gytelaks, og denne fisken vert ein av dei. Dei 30 fiskane skal settast ut på ein stad i elva der laksen ikkje når fram i dag. Erdal fortel at dei jobbar med å bygge laksetrapp for at fisken skal nå den staden. Då vil laksen som har gytt der, kome tilbake til den staden.

– Målet er å byggje opp og auke laksebestanden i Nausta, seier Erdal til NRK.