Hopp til innhold

Fekk milliongåve

AKVAHUB i Hyllestad får ein million kroner til å byggje ein organisasjon for verksemder som vil samarbeide innan miljø og bærekraft i akvakulturnæringa. Pengegåva kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane. – Dette er ei næring for framtida, der vi vil sjå mykje nytt i den komande tida, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.