Hopp til innhold

Pårørande fekk ikkje kontakt med 113 - person døydde

Då personen falt om heime måtte pårørande køyre for å hente ambulanse. Då dei kom tilbake var personen død.

På grunn av manglande telefondekning etter uvêret måtte dei pårørande fysisk ta kontakt med ambulansetenesta for å få hjelp.

Dei skal ha prøvd å kome i kontakt med naudetaten på telefon, men skal ikkje ha kome gjennom, skriv VG.

– Vi har hatt ei hending der pårørande ikkje kom fram til naudetat på telefon, og måtte køyre ut for å hente ambulansen. Pasienten var død når ambulansen kom fram, seier beredskapssjef Bjørn Morten Øen i Helse Førde til NRK.no.

Usikkert om dødsfallet kunne vore unngått

Personen skal ha ramla om i heimen, og då pårørande kom tilbake med ambulanse skal vedkommande ha vore død. Øen seier til NRK.no at det er vanskeleg å seie om dødsfallet kunne vore unngått om hjelpa kom fram tidlegare.

– Det er for tidleg å seie noko om kor vidt dette kunne vore unngått, dersom hjelpa hadde kome fram før. Dette er ein situasjon der vi ikkje veit om resultatet hadde vore annleis om kommunikasjonen hadde fungert som normalt, seier Øen til NRK.no.

– Kor lang tid tok det å hente ambulanse?

– Det er for meg ukjent.

– AMK-sentralen har vore operativ

Øen seier at AMK sin sentral ved Førde sentralsjukehus har vore operativ, og hatt telesamband, i heile perioden då uvêret har herja.

– Mest sannsynleg har dette skjedd som følgje av uvêret, og at dei som prøvde å komme i kontakt med oss ikkje hadde dekning, seier Øen til NRK.no.

Helse Førde vil ikkje seie noko til NRK om kor i Sogn og Fjordane episoden har skjedd, eller noko meir om dødsårsaka.

Store kommunikasjonsproblem etter uvêret

Det er store problem med telekommunikasjonen og straumtilførsel i Sogn og Fjordane etter uvêret «Dagmar» sine herjingar. 10 000 er utan straum, og mange er også utan dekning på både mobil- og fasttelefon.

Med bakgrunn i kommunikasjonsproblema har ikkje Helse Førde fullgod oversikt over kor vidt uvêret har ført til personskadar, komplikasjonar eller forverring av helsesituasjonen for pasientar.

Over heile landet kan då mange som 40.000 mobiltelefonbrukarar vere utan dekning tysdag. Mange stader er det manglande straum til basestasjonane som er problemet.

– Eg trur det er ein plass mellom 20.000 og 40.000 mobilkundar er råka, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

– Ta kontakt med næraste sjukehus

Helse Førde oppmodar folk som ikkje kjem gjennom på telenettet, og som treng helsehjelp, om å oppsøke nærmaste sjukehus.

Ved alle sjukehusa er det straum, eller naudstraum, og alle viktige funksjonar er intakt.

– Treng ein helsehjelp må ein rett og slett køyre til nærmaste sjukehus sjølve, seier Øen.

I fleire kommunar, mellom anna Vågsøy, vart det etter uvêret oppretta eiga kriseleiing. Ambulanse, brannvesen og politi er samla på same stad, og dei som treng hjelp kan ta kontakt her.