Hopp til innhold

Fekk ikkje fleirtal for å legge ned Holvik skule

Ei røyst i overvekt berga torsdag kveld framtida for Holvik skule og Bryggja skule i Vågsøy. Høgre og Arbeidarpartiet reiste forslag om å legge ned skulane, men fekk ikkje fleirtal i kommunestyret.

Holvik skule i Vågsøy

BLIR IKKJE LAGT NED: Holvik skule blei berga med ei røysts overvekt kommunestyret torsdag.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Høgre og Arbeidarpartiet fremja eit forslag der vi la inn innsparing på skule basert på å få opp ei sak i kommunestyret om endring i skulestrukturen. Det framlegget fekk ikkje fleirtal, seier høgreordførar Morten Hagen. .

Forslaget frå Høgre og Arbeidarpartiet ville gitt ein innsparing på 5,5 millionar kroner. Men nedlegging av skular sat langt inne for fleirtalet i kommunestyret som bestod av Sp, KrF, Bryggjalista, Frp og to av representantane frå Venstre. .

– Vi må ha respekt tidlegare vedtak som vart gjorde så seint som i april i år, seier gruppeleiar for Frp, Hogne Bleie

Han syner då til oppvekst og kulturplanen som skal vare i 10 år framover og der det blir slått fast at det skal vere fem barneskular i kommunen og samstundes at ungdomsskulen skal ligge der den ligg i dag på Gotteberg i Måløy

Lite å spare

Hogne Bleie

VIL IKKJE LEGGE NED: Gruppeleiar for Frp i Vågsøy, Hogne Bleie.

Foto: Framstegspartiet / ValTV

– Elles så meinte vi vår også at det ville vere lite å spare på å legge ned Holvik skule for så å flytte elevane til Skram skule, som vil trenge store investeringar for å ta i mot dei nye elvane, seier Bleie.

Ordførar Morten Hagen peikar på si side på at Vågsøy har store utfordringar på økonomien og at kommunen fram 2018 kjem til å bruke opp pensjonsfondet utan at det blir gjort grep. Han seier deira framlegg ville gitt innsparingar på 5,5 millionar.

– I vårt framlegg har vi følgt administrasjonen sine talberekningar og etter at rektorane har kome med kva som kan ligge av innsparingar på årsverk, kom vi fram til 5, 5 millionar.

Kuttar investeringsramma

Fleirtalsvedtaket i kommunestyret torsdag inneber at investeringsramma ved Holvik skule blir redusert frå nærare 14 millionar kroner, til knappe tre millionar.

Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H)

FEKK IKKJE FLEIRTAL: Ordførar i Vågsøy, Morten Hagen (H).

Foto: NRK

– Om det er mogleg å drive vidare med både skule og barnehage i Holvik med den investeringsramma, det må vi kome attende, seier Hagen.

–Så skulen er kanskje ikkje freda så langt fram i tid likevel?

– Nei, her må vi sjå på kva som må til. Det har vore utgreiingar av eit oppvekstsenter i Holvik. Der kom det fram eit investeringsbehov på nesten 14 millionar kroner. Det er no redusert i budsjettet til slik at det no berre ligg ei ramme rett i overkant av tre millionar kroner. Det seier seg sjølv at det kan bli ei utfordring.

Men det er ikkje Bleie samd i, og peikar på at delen av investeringa på 14 millionar som gjekk konkret på skuledelen av Holvik skule og barnehage var svært liten,

– Krava frå styresmaktene til luftanlegg og garderobar er berre på barnehage og ikkje på skulen. Dessutan så meiner vi at det mange måtar å løyse desse problemstillingane på som er langt billegare. 14 millionar for eit nytt friskluftanlegg og ein garderobe er store summar.