Hopp til innhold

Fekk fylkets første grunderpris

Fylkeskommunen sin første gründerpris for ungdom går til Endre Kvalheim og Anders Ytterland i selskapet Byks i Vågsøy.

Endre Kvalheim (t.v.) og Nils R. Sandal.
Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Byks er eit selskap som satsar på ny oppdrettsteknologi. Nyvinninga dei får prisen for er eit lukka oppdrettsanlegg som skal plaserast på ope hav. Gründerprisen er på 30.000 kroner.

- Kvalheim og Ytterland har gjennom si etablering synt at det er råd å få realisert forretningsideen sin, og dei syner veg for ungdom som kan tenkje seg å starte eiga næringsverksemd i Sogn og Fjordane, seier juryen.  

Eit fullskala anlegg er no under bygging ved Båtbygg på Raudeberg, og skal testast ut til sommaren. Prosjektet har ein kostnad på over ti millionar kroner. Private investorar og Innovasjon Norge finansierer det nye oppdrettsanlegget.