Hopp til innhold

Fekk 25.000 i bot etter krasj med Hurtigruten

Skipperen på MS Øyglimt har godteke 25 000 kroner i bot etter at han i januar i år krasja med hurtigruteskipet MS Lofoten ved Tennebøkaien i Måløy.

Skyssbåten Øyglimt etter kollisjon

DYRT: Fartya fekk mindre materielle skader i krasjen, men kosta reiarlaget Øyglimt dyrt.

Foto: Politiet

Ingen personar vart skadde, men begge fartøy fekk materielle skader i krasjen .

Medan hurtigruta hadde 86 passasjerar og eit mannskap på 39 om bord, hadde ikkje skyssbåten passasjerar.

– Det var heilt og fullt min feil, men kan ikkje forstå at staten skal ha 25.000 for det som skjedde når Sjøfartsdirektoratet var ferdige med det der og då, seier skipperen på Øyglimt, Kåre Silden.

Skulle starte ruta

Uhellet skjedde då skyssbåten var på veg frå Silda til Måløy for å starte ruta si. Hurtigruta hadde akkurat lagt frå kai og var på veg nordover. Uhellet skjedde utanfor Trollebø.

Skipperen tok på seg all skuld etter samanstøyten.

– Eg såg på ein båt som passerte på andre sida, og samstundes var hurtigruta akkurat i lysa frå Måløy sentrum. Eg gjekk med redusert fart, så det vart ikkje nokon hard samanstøyt, fortalde han.

Sjølv om førelegget er vedteke, er ikkje skipperen nøgd med avgjerda til politiet. Han seier at reiarlaget også må betale 70 000 kroner i erstatning etter samanstøyten.

– Uhellet kosta oss 95 000 kroner. Hadde vi grunnstøytt eller køyrt i kaien og bresta båten, så hadde ikkje dette skjedd, seier Silden.

Kostar 95 000 kroner

Det vil ikkje påtaleansvarleg Guro Enger hos Sogn og Fjordane politidistrikt spekulere i.

Ho viser til skipssikkerheitslova, som seier at ein båtførar pliktar å sørge for at navigering av skipet skjer utan at det oppstår fare for liv og helse, miljø eller materielle verdiar.

– Det var ikkje tilfelle i denne saka, og skipsansvarslova legg plikta på skipsføraren. Lova favner ganske vidt og set strenge krav til aktsemda, seier påtaleansvarleg Guro Enger hos Sogn og Fjordane politidistrikt.