Hopp til innhold

Denne hytta vart lagt her for å komme så tett som mogeleg på snøskreda

I år er det 40 år sidan Norge sin første og einaste skredforskingsstasjon vart opna øvst i Grasdalen på Strynefjellet.

Skredstasjonen Nye Fonnbu i Grasdalen

JUBILANT: I år er det 40 år sidan den første skredstasjonen vart sett opp i Grasdalen. Dagens stasjon vart opna i 2005 etter at den gamle Fonnbu brann ned.

Foto: Bjørg Ladehaug

Dette blir torsdag og fredag markert med internasjonalt seminar med påfølgjande ekskursjon til Grasdalen.

Geolog Krister Kristensen har hatt stasjonen som arbeidsstad i 38 av desse 40 åra og er ikkje i tvil om at stasjonen har vore av stor betydning.

– Spesielt når det kjem til dette med skredets dynamikk, kva som skjer med eit snøskred som går nedover fjellsida, korleis ein leievoll eller fangdam på tvers klarer og stogge eit skred og kva type skred, seier Kristensen.

God plassering

Norges geotekniske institutt (NGI) har landets mest omfattande infrastruktur med omsyn til forsking på snøskred, og driv det eine av to operative fullskala snøskredforsøk i verda.

Krister Kristensen

GEOLOG: Krister Kristensen.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I Grasdalen har stasjonen Fonnbu gjeve NGI kunnskap som har gjeve mange aktørar viktig og nyttig informasjon om snøskred. Det var i si tid Karstein Lid som valde plasseringa av forskingsstasjonen.

– Det har vist seg å vere ei god plassering. Det går mykje skred, det er mykje snø, lang sesong og ofte dårleg vêr. Det er avgjerande å kunne vere ein stad der ein har kontakten med dei verkelege forholda, seier Kristensen.

Til nytte for folk flest

I terrenget er det mellom anna plassert ut laserscanner og trykkmålar for å forstå kva krefter og rørsler som er i sving når snøskredet buldrar nedover fjellsida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Seminardeltakarar

SEMINAR: Kring 50 deltakarar frå inn- og utland deltek på skredseminaret i Stryn denne veka.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Jan Peder Hoggen i rasgruppa til Ørsta/Volda Røde Kors, meiner forskinga har vore til stor nytte for folk flest. Seinare har også NVE satsa tungt på skredforsking.

– Det vi har sett siste åra, er at vi har fått på plass ei skikkeleg skredvarsling i Norge. Ei varsling som folk som går i fjellet brukar aktivt og høyrer etter, seier han og siktar til varslingssida varsom.no.

Har ei framtid

Sjølv om ein i 2013 veit mykje om snøskreda, meiner Kristensen at skredstasjonen i Grasdalen vil spele ei viktig rolle også i framtida.

– Norge er eit land det går mykje skred, og det er eit problem for mange stader der ein byggjer ut og planlegger å byggje ut. Arealplanlegging er framleis eit viktig område som har behov for skredforsking, seier geologen.