Farlege, flygande reklameskilt

Politiet ber folk halde seg vekke.

Flygande reklameskilt

Politiet i Florø måtte fjerne skilta og ber folk halde seg vekke.

Foto: Øystein Torheim

Politiet i Florø måtte rykke ut til Florø stadion i dag tidleg. Stormen "Sondre" hadde reve laus reklameskilta ved Florø Stadion. Desse fauk rundt i lufta og skapte farlege situasjonar. Politiet åtvarar no folk mot å ferdast i området rundt Florø Stadion.

Også andre stader i fylket har vinden skapt tilsvarande problem. I dag tidleg bles bølgjeblekkplater laus ved kaien i Askvoll og var til fare for dei som ferdast i nærleiken.