Det store steinraset som gjekk i 16.00 tida i går, demde opp for elva Utla. Store vassmassar samla seg bakom raset, og faren for ei flodbølge vart vurdert som så stor at kring 20 husstandar i nærleiken vart evakuerte.
Etter å ha gravd seg gjennom raset med gravemaskin fekk ein eit utløp der ein kunne sleppe vatnet gjennom på ein kontrollert måte, og dei evakuerte kunne i ni-tida i går kveld flytte inn att i heimane sine. Dalheim seier at det ikkje er nokon fare for at det på nytt skal bygge seg opp vassmassar bak raset.
Ein geolog kjem til Øvre Årdal i løpet av helga for å vurdere faren for nye ras.