Får truleg byggje kunstmuseet

Åsen & Øvrelid AS er innstilt som totalentreprenør for det nye Sogn og Fjordane kunstmuseum i Førde.

Kunstumuseet i Førde

SOMMAREN 2012: Slik skal fylkets nye kunstmuseum sjå ut.

Foto: Illustrasjon: CF Møller AS

– Vi har vurdert Åsen og Øvrelid AS som den beste tilbydaren etter tildelingskriteria, og vi ser fram til å starte bygginga, seier bygg- og eigedomssjef Jan Tore Rosenlund i fylkeskommunen i ei pressemelding.

Det var kome inn tre tilbod på bygging og prosjektering av det nye kunstmuseet i Førde då anbodsfristen gjekk ut 28. oktober.

Kjempa mot Kapstad og NCC

Sogn og Fjordane fylkeskommune har no evaluert tilboda og innstilt Åsen & Øvrelid AS som totalentreprenør for gjennomføringa av prosjektet.

Førde-entreprenøren står for tida mellom anna for bygginga av nye Sogndal vidaregåande skule.

Dei tre som kom med tilbod på totalentreprisen var Harald Kapstad AS, NCC Construction AS og Åsen & Øvrelid AS. Tilboda er vurderte etter pris, gjennomføringsevne/framdrift og løysingskvalitet.

Finansieringa ikkje på plass

Nybygget på Meieritomta i Førde skal etter planen stå ferdig sommaren 2012. Garasjekjellaren og grunnfundamentet står alt klart på tomta.

Prosjektet, som har ei kostnadsramme på totalt 93 millionar kroner, er ikkje fullfinansiert slik det ligg føre. Fylkeskommunen vil no, saman med Førde kommune, handsame finansieringssaka før ein eventuelt kan inngå avtale om bygging.