NRK Meny
Normal

Får 400.000 i stipend frå staten for å dyrke musikken

Linda Gytri frå Oldedalen i Stryn sat på øving i Murmansk då gratulasjonane byrja å tikke inn på telefonen.

Linda Gytri

FOLKEMUSIKAR: – Stipendet gir meg tid og rom til musikken, seier Linda Gytri.

Foto: Privat

– Det var nesten uverkeleg. Rett og slett, seier 34-åringen til NRK.no.

Før helga fekk ho gladmeldinga om at ho dei neste to åra får 205.000 kroner årleg i stipend frå det statlege Kulturrådet.

– Eg var i Murmansk på ein spelejobb ved Det norske generalkonsulatet. Vi hadde øving då det tikka inn melding med gratulasjonar frå eit par venninner av meg. Eg kunne nesten ikkje tru det, og måtte inn på nettet for å sjekke, fortel folkemusikaren.

8600 søknader

Godt over 8600 søknader kom inn til Kulturrådet sine ulike støtteordningar. Av desse var det om lag 10 prosent som nådde opp. Av desse igjen har ni personar fått Arbeidsstipend for unge nyetablerte kunstnarar.

Blant dei ni er folkemusikaren, komponisten og trekkspelaren Linda Gytri.

– Eg er kjempeoverraska. Det var første gong eg søkte, og eg har høyrt at det er vanleg å søkje tre-fire gonger før ein kanskje får tilslag. Så eg vart svært positivt overraska, seier nordfjordingen som til no har drive med musikken på sida av jobben som kulturskulelærar i Stryn.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Gytri og Apneseth i Murmansk

HER FEKK HO GLADMELDINGA: Linda Gytri (midten) var på spelejobb i Murmansk saman med jølstringen Erlend Apneseth (t.v.) og ei russisk songarinne då meldinga om stipendtildelinga kom.

Foto: Privat

Trappar ned jobben

Med stipendet får Gytri no rom til å reindyrke si eiga musikkarriere.

– Pengane skal først og fremst gå til å gi meg tid til å jobbe med den nye plata mi. Den er planlagd til våren 2015. I tillegg har eg andre prosjekt i emning.

Med seg på den nye plata får Gytri finske Timo Alakotila på piano og Anders Bitustøyl på kontrabass. Sistnemnde spelar mellom anna med Sigrid Moldestad.

Men trass friske pengar frå Kulturrådet, lovar Gytri at også kulturskuleelevane i Stryn skal få nokre timar i piano og trekkspel.

– Eg kjem til å halde fram i kulturskulen i Stryn, men i ein mindre stilling. Det er ein veldig fin kontrast til musikklivet der ein står på ei scene. Dei små kloke kulturskuleelevane bringar ein fort ned på jorda, ler Gytri.

Motiverande

Ho legg likevel ikkje skjul på at det er stort, ja, ei fjør i hatten, å få stipendet frå Kulturrådet.

– Dette er den største æra eg kan få nett no. Det er veldig, veldig kjekt. Det å få ei slik anerkjenning er veldig motiverande til å halde fram. Ein veit at det ein held på med har noko i seg. At det har ein verdi som Kulturrådet set pris på, seier folkemusikaren.

Gytri blir dei neste månadene å finne på fleire konsertscener, mellom anna på Førdefestivalen. Aller først held ho konsert i grendehuset Aldaheim i Olden saman med Dag Vanberg, der temaet er lokal lyrikk av Elling Vanberg.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast