NRK Meny
Normal

Får samfunnsstraff etter bombetrussel

Ei kvinne i tenåra må gjennomføre 148 timar samfunnsstraff og betale Widerøe 100.000 kroner i erstatning etter ein bombetrussel mot eit fly i mars i år.

evakuerte

EVAKUERT: Flesland lufthamn vart evakuert og stengd i timevis etter bombetrusselen som kvinna retta mot eit Widerøe-fly som skulle til Kristiansund.

Foto: Anders Ekanger

Den unge kvinna måtte tidlegare i august møte i Fjordane tingrett, tiltalt for til saman fem tilfelle av truslar. Fire av dei var retta mot lokalt politi, der ho både via tekstmeldingar og brev mellom anna truga med å sprenge det lokala lensmannskontoret i lufta.

Kvinna stod også tiltalt for ein bombetrussel mot eit Widerøe-fly. Denne kom inn til flyselskapet via deira eiga nettside om kvelden 3. mars i år.

Heile Bergen lufthamn vart evakuert og alle fly vart kansellerte då trusselen mot flyet som skulle til Kristiansund kom. Kvinna tok sjølv kontakt med AMK-sentralen og fortalde at ho stod bak kort tid etter at ho fremsette trusselen.

Sjølv sa kvinna seg skuldig då saka gjekk for retten, og forsvararen bad om at kvinna vart straffa på mildast mogleg måte.

Retten skriv i dommen at dei ser alvorleg på alle sakene, og viser mellom anna til dei store konsekvensane bombetrusselen mot Widerøe-flyet fekk. I utgangspunktet meiner Fjordane tingrett at forholda kvalifiserer til fengselsstraff, men retten har funne ei rekkje formildande forhold knytt til kvinna sin livssituasjon og unge alder.

Dei har difor valt å dømme kvinna til 148 timar samfunnsstraff, med ei gjennomføringstid på seks månader.

Aktor i saka meinte kvinna burde betale nær 400.000 kroner i skadeerstatning til Widerøe, men retten har kome fram til at 100.000 kroner er meir passande.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå