Hopp til innhold

Får pengar for å leggje ned båtrute

Fjord1 Fylkesbaatane får halvparten av dei 840.000 kronene fylkeskommunen sparar på å leggje ned båtruta til Frønningen i Lærdal.

Dette er resultatet av ein gammal avtale mellom fylkeskommunen og Fjord1 Fylkesbaatane.

Fylkesadministrasjonen føreslår å kutte båtruta for å spare pengar. Blir dette gjennomført, sit bygda att med ferje berre tre dagar i veka, medan Fjord1 kan putte ein fin slump pengar i lomma.

- Skor seg på lita bygd

Folk i Frønningen er opprørt over både kuttforslag og avtalen med Fjord1 Fylkesbaatane.

- Det høyrest heilt forferdeleg ut at det store fylkesreiarlaget skal sko seg på at ei lita bygda skal miste store deler av kommunikasjonen. I tillegg vert selskapet i Frønningen som driv båtruta for Fjord1 utan jobb og dermed mister dei driftsstøtta, og dei risikerer å måtte leggje ned, meiner Birger Lyngset.

Han peikar også på at ei nedlegging av båtruta vil skape store praktiske problem for bygda. 

- Kostar for mykje

Samferdslesjef  i fylkeskommunen, Ole Ingar Hæreid, meiner på si side at storsamfunnet brukar for mykje pengar på Lyngset og sambygdingane hans.

- Vi brukar i dag kring 2,5 millionar kroner årleg på båt- og ferjetilbodet til Frønningen der det bur 10-11 menneske, og det meiner vi er litt for mykje.

Lagnaden til båtruta i Frønningen vert avgjort på møtet i hovudutval for samferdsle i fylkeskommunen onsdag.