Hopp til innhold

Far og dotter funnen i god behald

Faren og dottera som vart meldt sakna seint fredag kveld vart funne i god behald på ei hytte.

Røde Kors

Illustrasjonsbilete.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det vart sett i gang ein leiteaksjon i Gudvangen i Aurland då dei to ikkje kom tilbake som avtalt frå ein skitur.

Fem scooterpatrjular frå Røde Kors i Aurland vart sende ut i 23-tida fredag for å leite. Veret var bra og dei to var fjellvande og godt utstyrte.

Utpå natta vart far og dotter funne på ei hytte der dei hadde teke inn. Det var ikkje mobildekning på hytta som ligg i fjellområdet mellom Aurland og Voss kommunar.