Hopp til innhold

Far og dotter bak drama på Kinn

– Far Kyrre og dottera Engel spelte viktige roller under 30-årsjubileet for Kinnaspelet i helga. 2300 såg årets spel.

Etter 120 framsyningar og eit publikum på over 90 000 sidan 1985, feira Kinnaspelet 30 år i helga. Stykket «Songen ved det store djup» hadde 2300 besøkande i helga, og vart atter ein gong suksess.

Denne gongen med far Kyrre Eikås Ottersen og dotter hans, åtte år gamle Engel Eikås Tansøy, i sentrale roller. Kyrre spelte presten som hadde store samvitskvalar då danskefuten ville tvinge han over frå katolsk til protestantisk tru. Dottera Engel spelte veslejenta Sygni.

Stolt pappa

Far og dotter hadde scenedialog med kvarandre, og stod fram med truverd og særpreg på imponerande vis.

–Det var kjempegøy å vere med på spelet. Ekstra kjekt var det å spele saman med pappa, kunne ei smilande Engel fortelje like etter at framføringa var over.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Kinnaspelet

UNG SKODESPELAR: Engel Eikås Tansøy tykkjer det er kjekt å stå på scena.

Foto: Bård Siem / NRK

Far Kyrre, som til dagleg er profesjonell skodespelar ved Sogn og Fjordane teater, var tydeleg stolt over dottera si.

-Det gav ei ekstra ro og glede at ho var med, sa han.

Trolsk bakteppe

Gjennom 30 år, utan ei einaste avlyst framsyning, har Kinnaspelet vore framført ved den gamle kyrkja frå 1100-talet på den vesle øya Kinn, vest for Florø. Det naturlege og lydvare amfiet innunder Kinnafjellet, med skiftande hav og himmel, gav eit trolsk bakteppe for historia.

Reformasjonen

Innføringa av reformasjonen i 1537 er ramma rundt spelet. Kongen sin fut kjem med bod om dette til Kinn. Inn i dramaet er det lagt inn eit spel i spelet, der vi får sjå korleis Sunniva rømde frå Irland for å sleppe unna den vonde vikinghovdingen Ramn.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Kinnaspelet

KINNASPELET: Sunniva måtte rømme frå Irland, og krona hennar hamna på Kinn

Foto: Bård Siem / NRK

Var med for 30. gong

69 år gamle Bjørg Mikalsen var med i sitt 30. Kinnaspel i helga.
–Det er veldig kjekt og veldig spesielt her ute. Vi får ei sterk fellesskapskjensle og heile stemninga er unik.

Du blir med også neste år?

–Eg blir med til eg blir sparka ut, sa Mikalsen som spelte ein av dei mange bygdekonene i stykket.

Nøgd styreleiar

Styreleiar for Kinnaspelet, Odd Stubhaug, var godt fornøgd med helgas spel.

–Kvaliteten var god og vi er godt nøgde med 2300 besøkande. Det var ekstra kjekt med vesle Engel. Ho stod fram på ein fantastisk måte, seier Stubhaug.

–Vil spelet gå med overskot i år?

–Vi må gå gjennom rekningar og anna for å kunne seie noko eksakt om dette. Men for å seie det slik, eg fryktar ikkje noko konkurs.